Medlemmene i kommunestyret, vararepresentantar, administrasjonen og tillitsvalde i den nye kommunen var tysdag og onsdag inviterte til å delta på KS Folkevaldprogram. 

Målet med samlinga var å styrka motivasjonen og rolleforståinga, og gjera politikaren tryggare på seg sjølve når dei skal løysa utfordringar og skapa moglegheiter i kommunen.

Gudrun Grindaker og Victor Ebbevik frå KS (Kommunesektorens organisasjon) utfordra politikarane mellom anna på kvifor dei har engasjert seg i lokalpolitikken.

Grunnane som kom fram var mellom anna:

  • å kunne utvikla plassen der ein bur
  • at det er mogleg å kunne vere med å påverka dagleglivet rundt seg
  • at ein er oppteken av oppvekstvilkår og klima og miljø
  • at ein ønskjer å vera med og byggja den nye kommunen.

Det verkar å vera eit veldig engasjement for den nye kommunen, det lovar godt, oppsummerte Grindaker.

Dei folkevalde vart også utfordra på korleis dei ynskjer at den politiske kulturen skal vera i nye Sogndal. Det vart reflektert rundt rolla som folkevald og korleis ein kan engasjera innbyggjarane.

På programmet for dei to dagane stod også informasjon om den nye kommunen, kommunen sitt omdøme, oppgåvene til kommunen og rolla til kontrollutvalet.

Kåre Træen frå Fylkesmannen runda av to innhaldsrike dagar med informasjon om kommuneøkonomi.