Nye Sogndal kommune har arbeidd fram eit utkast til politisk reglement som vert handsama i fellesnemnda 20.juni og som vert lagt ut på høyring fredag 21. juni. Reglementet skal endeleg vedtakast av det nye kommunestyret i oktober.

Fellesnemnda inviterer til høyringsmøte der ei politisk arbeidsgruppe, leia av Arnstein Menes, presenterer grunnlaget for og innhaldet i dette reglementet.

Sentrale spørsmål i høyringa vert korleis dei kommunale utvala, komiteane og råda skal fungere.

Nye Sogndal har vedteke at det skal vere både eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, ungdomsråd, kulturråd, idrettsråd og innvandrarråd i den nye kommunen.

Me inviterer difor spesielt politikarar og andre som i dag deltek i slike eller liknande råd i Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Høyringsfrist for reglementet er sett til 10. august.

Nye Sogndal kommune