Arbeidet vert til ein kvar tid regulert av lover, forskrifter, regelverk og interne rutinar. 
Det vert føresett at juridisk rådgjevar har relevant juridisk erfaring og formell kompetanse, og at ein til ei kvar tid er fagleg oppdatert, sikrar gode interne rutinar  og at desse vert oppdatert og etterlevd. Vidare må juridisk rådgjevar vere pådrivar for å forenkle og effektivisere kommunen sine prosessar. Vi ynskjer ein sterk fagperson i stillinga, med stor grad av integritet.
 
Arbeidsoppgåver
  • Vere med å vidareutvikle og effektivisere heile organisasjonen, både smart- og dynamisk utan å verte byråkratisk
  • Kvalitetssikra, vidareutvikla gode interne rutinar for nye Sogndal kommune i henhald til lov og avtaleverk
  • Sikre gode og effektive faglege analyser
  • Leiarstøtte
Ein ser føre seg at stillinga vil ha fleire sakshandsamings -og rådgjevingsfunksjonar innan felta personalfelt, innkjøpsfelt, konsultasjon knytt til faglege problemstillingar i samband med generell kommunal tenesteproduksjon, innbyggjarklager med vidare.
 
Formalkompetanse
  • Jurist/master i rettsvitenskap
Realkompetanse
  • Minst tre års erfaring som jurist
  • Sakshandsaming innan offentleg administrasjon
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer
  • Fleksibel, dynamisk
  • Høg integritet
  • Positiv, proaktiv og engasjert
  • Arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt
  • Ha gode datakunnskapar og god systemforståing
  • Ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.
 
Vi kan tilby:
  • 100% fast stilling med oppstart etter avtale
  • Gunstig pensjonsordning og ulykkes - og gruppelivsforsikring 
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Løn etter avtale
 Arbeidsstad: Leikanger
 
For søknad
For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
 
Kontaktpersonar
Stig Arne Thune, Prosjektrådmann, mobil: 950 25 812, stig.arne.thune@sogndal.kommune.no
Marianne Skjeldestad Hove, Økonomisjef, mobil: 907 96 089, marianne.hove@sogndal.kommune.no