Nye Sogndal er i etableringsfasen og er under kontinuerleg omstilling og endring. Kommunikasjonsrådgjevaren har ei viktig rolle i dette arbeidet, både internt og eksternt. Me har vedteken kommunikasjonsstrategi, men me ønskjer å vidareutvikla denne slik at kommunen vert meir transparent, open og tillitsskapande. Me ønskjer å framstå som moderne og profesjonell i vår interne og eksterne kommunikasjon. 
 
Brukarmedverknad og innbyggjarinvolvering er prioriterte perspektiv i utviklinga av kommunen som tenesteytar, og kommunikasjonsmedarbeidaren får oppgåver ilag med ektoransvarlege for dette. Den interne kommunikasjonen og det strategiske arbeidet med kulturbygging i organisasjonen vår, vil vera stor del av ansvaret til kommunikasjonsrådgjevaren. Kommunikasjonsrådgjevaren skal og vidareutvikla malar, interne styringsdokument og rutinar, sikra at desse vert lett tilgjengeleg for tilsette. Stillinga vil ha både strategiske og operative oppgåver.
 
Stillinga vil ha stor fridom i utøvinga av kommunikasjonsarbeidet innanfor ei breidde som gjev mogelegheiter og variasjon. Kommunikasjonsrådgjevar vil arbeida  inn mot administrativ leiing, men og inn mot politisk leiing. Rolleforståing og det å skilja politikk og administrasjon vert såleis viktig.
 
Årshjul vil og vera stor del med på å styra noko av aktivitet, som høyringar til budsjett, lay-outmessig arbeid i høve alle planar/rutinar/styringsdokument. Pressemeldingar om saker til kommunestyret og kommunikasjon knytt til saker med vidare. Profesjonalisering av kommunikasjon og omdømmebygging vert sentrale oppgåver.
 
Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging og vidareutvikling av kommunikasjonsstrategi
  • Redaktøransvar for heimesider og framtidig informasjonsløysingar internt
  • Redaksjonelle saker, innhaldsproduksjon
  • Videoproduksjon og publisering, oppfølging, rapportering
  • Sosiale media, strategisk og konkret
  • Kriseinformasjon
  • Kommunikasjonsfagleg rettleiing og rådgjeving og bistand til ulike nivå i organisasjonen
  • KLART- SPRÅK kommune
  • Innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad; strategi og praktisk oppfølging
  • Andre kommunikasjonsfaglege oppgåver
  • Operative og strategiske oppgåver
 
Formalkompetanse
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis masternivå
  • Journalistutdanning, webdesign, andre kommunikasjonsutdanningar
  • Kommunikasjonsfagleg formalkompetanse
 

Realkompetanse

  • Erfaring frå journalistisk arbeid vert tillagt vekt
  • Svært god og trygg formidlingsevne, skriftleg- og munnleg, også engelsk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
  • Erfaring frå journalistikk eller dokumenterbar mediehandtering er ønskjeleg
  • God erfaring med innhaldsproduksjon er krav
  • Digitalt fagleg oppdatert
  • God kompetanse/erfaring med sosiale media, video, biletbruk, grafisk design,  er naudsynt
  • Rådgjevar-erfaring
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer
  • Fleksibel, dynamisk
  • Integritet
  • Vere positiv og engasjert
  • God formidlingsevne
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Strukturert og engasjert
  • Løysingsorientert
 
Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.
 
Vi kan tilby
  • 100% fast stilling med oppstart etter avtale
  • Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Løn etter avtale
 
Arbeidsstad: Leikanger
 
For søknad
For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
 
Kontaktperson
Stig Arne Thune, Prosjektrådmann, mobil: 950 25 812, stig.arne.thune@sogndal.kommune.no
Marianne Skjeldestad Hove, Økonomisjef, mobil: 907 96 089, marianne.hove@sogndal.kommune.no