Marianne Skjeldestad HoveMarianne Skjeldestad Hove har takka ja til å verte ny Økonomisjef i den nye Sogndal kommune.

Marianne har brei røynsle ifrå leiing og komplekse organisasjonar, og bakgrunn mellom anna ifrå Skatteetaten, privat næringsliv og hatt fleire sentrale roller i Statens vegvesen, der ho no kjem ifrå. Marianne har mellom anna skatteetatskule, bachelor i økonomi og sin mastergrad ifrå handelshøgskule.

Vi ønskjer Marianne hjarteleg velkommen til Nye Sogndal kommune, og vil etterkvart presentere ho for leiarskap og medarbeidarar.
Det var grundig tilsettingsprosess med ekstern bistand, og me hadde fleire gode søkjarar. Det var eit samrøystes tilsettingsutvalg som tilrådde Marianne til stillinga.

Vi ynsker Marianne velkomen!

 

Foto: (Facebook)