Kommunevåpen ny Sogndal kommuneFellesnemnda handsama 6. desember juryen si tilråding om nytt kommunevåpen. Framlegget måtte godkjennast av dei tre respektive kommunestyra.

Balestrand vedtok det nye kommunevåpenet 13. desember 2018, Sogndal kommunestyre 14. februar 2019 og Leikanger kommunestyre i dag, 28.02.2019.

Jury har vore leia av Aud Kari Isane (SV, Balestrand), Frode Bøthun (KrF, Balestrand), Trude Risnes (V, Leikanger), Kjetil Kvåle (Ap, Sogndal) og Rita Navarsete (Frp, Sogndal).

 

Våpenskildring

Våpenet skildrar ein fjord som buktar seg innover mellom fjella. Forma på fjorden liknar ein S.
Forma på skjoldet er i 1900-tals skjoldform. Skoldet har blå botn met kvit/sølv fjord.