Politisk arbeidsgruppe «Felles kultur, identitet og symbol» har med mandat frå Fellesnemnda for nye Sogndal kommune sett i gong ein idékonkurranse om kommunevåpen i vår. Denne konkurransen førte til 300 framlegg frå eit breitt utval born, unge og vaksne. Tusen takk til alle som deltok!

Juryen består av dei fem medlemmane i arbeidsgruppa: Aud Kari Isane, Frode Bøthun, Kjetil Kvåle, Rita Navarsete og Trude Risnes. Dei er grådig imponerte over dei flotte forslaga, og ønskjer å vise dei fram til flest mogleg. 

20 finalistar står att til ei nettrøysting, som tek til i midten av august. Vi er takksame overfor Sogn Avis for samarbeid og omtale kring prosessen.

«Folkets favoritt» skal kårast i samarbeid med Sogn Avis, og inviterte designbyrå skal ta utgangspunkt i element frå vinnaren i sine framlegg til kommunevåpen. Juryen kårar ein vinnar blant designbyråa, som kjem til handsaming i fellesnemnda og dei tre kommunestyra for Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar i desember 2018.

I denne videoen produsert av Maj Britt Brendstuen kan de sjå alle framlegga.

Kommunevåpen - Nye Sogndal kommune. Video: Maj Britt Brendstuen