Prosjektrådmann Stig Arne Thune og medarbeidarar inviterte toppleiarar av offentlege verksemder i nye Sogndal kommune til frukostmøte den 11. september 2018. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Distriktssenteret, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NAV Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Statens vegvesen, Vestlandsforsking, Difi og Sogn Næring tok vegen saman med dei tre ordførarane Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd og Harald Offerdal. 

 

Ordførar og leiar av fellesnemnda, Jarle Aarvoll, helste velkommen. Vi serverte frukost og hadde uformelle samtalar. Stemninga var god og prosjektrådmannen starta programmet med eit innlegg om offentlege arbeidsplassar og nytta element frå rapporten til Flæte og Fondenes. Korleis sikre denne gode utviklinga og posisjonere oss i nytt fylke? Etter Stig Arne avslutta, fekk alle rundt bordet komme med refleksjonar og meiningar. Ein felles bodskap var «Ha trua på prosjekta vi står i.» Om det gjeld kommunereform, regionreform eller anna endring, so lyt vi spele på lag for å nå måla med vedtaka. Deltakarane var einige om at nye Sogndal som vertskommune bør yte gode tenester, vise velvilje, ha barnehagedekning og andre gode velferdstilbod, samt stille med tomtar i ein differensiert bustadmarknad.

Frukost 1.jpg

Tore Eriksen, Steinar Fredheim, Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd, Tore Thorsnes, Torgeir Strypet, Wenche Fjørtoft, Aase Bruntveit Njøs, Merete Lunde, Herdis Ulveseth, Tone Margrethe Oppedal, Gunnar Hæreid, Torgeir Skålid og Stig Arne Thune.

Frukost 2.jpg